OFFISIELL OPNING

Rogaland Fylkeskommune er byggherre og har ansvaret for den offisielle opninga av den 270 meter lange Helgøybrua. Opninga kjem til å bli eit høgdepunkt for både fastbuande, gjestar og tilreisande. Ver på Fister (!) i god tid for å få med deg opninga.
Les meir under Logistikk og Transport.

 

Me varmar opp med musikk, prat og god stemning på Mosnes frå kl. 10.30. Klokka 12.00 skjer følgjande:

  • Tale ved leiar av Veg og forvalting, Samferdselsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Astrid Eide
  • Tale ved fungerande ordførar i Hjelmeland kommune, Anita Husøy Riskedal
  • Kulturelt innslag
  • Opning og snorklipping ved fylkesordførar Marianne Chesak
  • Nasjonalsongen
  • Første køyretøy over brua
  • Barneløp startar
  • Enkel servering til publikum

Brua er open for mjuke trafikantar – velkomen til Helgøy