LOGISTIKK OG TRANSPORT


Ønskjer å du å køyra eigen bil til Helgøy 18. og 19. juni? Merk at vegen i hovudsak er stengt 18. juni, men me sørger for gratis busstransport frå og tibake til Fister. Laurdag kveld og heile sundag gjeld andre ordningar. Men, kva om eg vil oppleva opninga og deretter springa Helgøyløpet? Og kan eg koma med eigen båt til Helgøy? Gode og positive svar får du her:

 

Laurdag 18. juni gjeld følgjande:

  • Køyring av privatbilar vil først vera mogleg frå kl. 19.00 laurdag.
  • Nesvegen mellom Fister og Helgøy vil vera stengt for ferdsel, utanom bussar mellom kl. 10 og 19.
  • Køyring for innbyggjarar til eigedomar på Fister er tillate, men etter dialog med vakter på Fister.
  • Du kan parkera på ulike plassar på Fister. Vakter vil visa veg. Fyll gjerne opp bilen heimanfrå. Viss alle kjem i eigen bil, kan det bli trongt på Fister.
  • Det vil gå fem gratisbussar i shuttletrafikk mellom Joker Fister og Mosnes (ein km frå brua) mellom kl. 10 og 19. Bussane tar med seg personar som står langs ruta.
  • Alle som vil ha med seg bruopninga kl. 12.00 på Mosnes MÅ vera tidleg ute på Fister. Fordi:
    • Du skal finna parkeringsplass.
    • Du skal vera med neste ledige buss.
    • Det tar litt tid å gå frå buss-stoppet på Mosnes og ned til brua.

                Derfor: Møt opp på Fister frå klokka 09.45. Men, kjem du etter kl. 11.00 til Fister,

                kan me ikkje lova at du når opningsarrangementet kl. 12.00.

                Men, du er hjarteleg velkomen til Helgøy når som helst på dagen! Bussane går kontinuerleg.

  • Du kan når som helst ta buss tilbake til Fister. Fram til kl. ca 14.00-14.30 går bussane i retur frå Mosnes (krysset Nesvegen-Helgøyvegen), der du kom med bussen. Frå kl. 14.30 går bussane i retur frå Helgøy Bussterminal. Då er det kort veg til bussen, då me trur dei fleste er på Helgøy! Det vil gå bussar mellom Fister og Helgøy til det ikkje er folk igjen, det vil seia seinast kl. 19.30. Derfor: kom og gå når det passar deg.
  • NB: Mellom 16.30 til 17.30 er vegen stengt også for bussar, grunna Helgøyløpet.
  • Klokka 19.00 er vegen mellom Fister og Helgøy open for fri ferdsel.
  • Avhengig av eigen bil til bruopninga og Helgøy, grunna funksjonsnedsetting?
  • Ta kontakt med Kristine Olsen kristine@ryfylkelivsgnist.no / 412 74 012 før 17. juni, så ordnar me køyretillate.

 

Varsling om stenging ser du her.

 

Løparar av Helgøyløpet mellom Fister og Helgøy skal vita følgjande:

  • Ønskjer du å få med deg opninga først og deretter springa løpet? Ingen problem, du når begge delar, med god margin. Her er to moglegheiter:
    • Gratis buss går frå Mosnes/Helgøy jamt og trutt tilbake til Fister. Der vil det vera god plass. Sørg for å ta ein buss i god tid før du skal vera på Fister.
    • Du kan også ta hurtigbåt frå Helgøy til Fister. Hurtigbåt i rutetrafikk går nemleg frå Helgøy kl. 15.18. Båten er på Fister 15.25, ein time før løpsstart. Sjå rutetabell her.
  • Startnummer kan hentast frå 15.30 ved Fister idrettsplass, løpet startar 16.30
  • Det er nokre toalett på skulen.
  • Det er avgrensa plass til å skifta innandørs.
  • Alle som vil ha skiftetøy sendt til Helgøy før løpet, må samla det i EIN bag/sekk og levera på transportmiddel seinast kl. 16.00. Bagen kan hentast i målområdet når ein kjem til Helgøy.
  • Det er ikkje garderobar på Helgøy. Men, eit svært gjestfritt vertsskap og telt.

 

Sundag 19. juni gjeld følgjande:

Du kan koma med eigen bil om du vil til Helgøy. Men, køyr gjerne i lag med andre, då det er avgrensa med parkeringshøve på Helgøy. Dersom det skulle bli fullt på Helgøy, vil vakter stå ved krysset Nesvegen-Helgøyvegen og visa deg til parkeringsplassar på Mosnes/Grønvik. Då er det eit stykke å gå til Helgøy. Men, det er ein fin tur og ei fin bru.

  • Følg med på desse sidene og på FB framover.

 

Med båt til Helgøy?

Me vil at flest mogleg skal få med seg Helgøyfesten. Kjem du med eigen fritidsbåt til Helgøy 18. og 19. juni, vil det vera moglegheiter for å leggja båten i båthamna og kaianlegga til Helgøy Skyssbåt. Desse båtane er ute på oppdrag på dagtid, og då vil kaiplass vera tilgjengeleg. Følg instruksjonar og beskjedar ved kaien om når båtar kjem tilbake på ettermiddagen.

Respekter beskjedane og ta omsyn til kvarandre om det blir trongt.

 

Hurtigbåt i rute?

Det går også enkelte båtar i rutetrafikk til og frå Helgøy laurdag og sundag. Ja, dei passar ganske så godt med programmet.

Sjå her: hjelmeland_utskriftsvennlig.pdf (kolumbus.no)