OM HELGØY


Helgøy er ei lita øy i munninga av Årdalsfjorden. Øya ligg i frodige Ryfylke, eit område som er kjent for å ha lange tradisjonar innan fruktdyrking. 

Det er mange som blandar oss med Helgøy i Sjernarøyane i Finnøy kommunedel. Den Helgøya ligg litt lengre inn i fjorden.


Øya vår ligg tvers av Fiskå i Strand Kommune, men høyrer til Hjelmeland kommune. Det er ikkje meir enn snaut 300 meter til fastlandet, Mosnes på Fister.


Sjølve øya er ikkje meir enn snaut 800 mål stor, og litt over 80 meter høg. Her er 2 gardsbruk og 10 bolighus utanom. I tillegg er det om lag 30 hytter her, der dei fleste blir brukt heile året.


Me er avhengig av båt for å koma til barnehage, skule, butikk og alt som ein elles treng i kvardagen. Det skal bli godt med fastlandsforbindelse!

På Helgøy bur det 20 vaksne, og 22 barn under 18 år. 5 av dei vaksne er pensjonistar, og besteforeldre til ungane som veks opp her. Det er trygt, godt og veldig rikt å bu og veksa opp i eit så lite og tett miljø. Treng ein litt luft eller har andre behov så er ikkje fastlandet meir enn 3 minutts båttur unna. Der har me «dei fine bilane våre» som ungane seier.

På øya bruker me helst traktor eller bilar med god fartstid (og gode bremser).


Utanom frukta og safta, er Helgøy kjent for store barnefamiliar, gjestfridom, positivitet og pågangsmot. Mange dreg nok kjensel på skipper Jon Arne sin håse latter frå styrhuset på Helgøybåtane. Andre har merka seg synet av alle ungane som bokstavleg talt kjem ramlande inn døra på båten ein tidleg morgon, på veg til skulen på Fister og Hjelmeland.

Dei er alle i familie og det merker ein på både lydnivået og omsorga dei har for kvarandre.


Me gler oss til å kunna bli betre kjente med folk og dei med oss, og forhåpentlegvis finne ut av at me er ganske normale, vanlige menneske me også. Ikkje så skumle og rare som ein kanskje skulle tru!


Nå er det ca 18-20 årsverk på øya, det syns me er ganske bra med tanke på at det kun er 12 av dei vaksne som er i arbeidsalder. Helgøy Skyssbåt må me kalla hjørnesteinsbedrifta, med sine 12-14 årsverk.

Rutetrafikk og taxikjøring er hovudoppdraga deira, så arbeidsdagane er varierte. Fleire av dei som bur på øya har arbeidet sitt i Helgøy Skyssbåt, men det er også folk frå fastlandet som har sitt daglige virke her. Resten av årsverka er fordelt på dei to fruktgardane.


På Helgøy har ikkje alltid framtida sett lys ut, men dei som har budd her har vore kjende for positivitet og pågangsmot. På 70-talet budde det 3-4 fastbuande på øya, så kontrasten til i dag er stor. Det fins spennande historiar frå gamledagar om korleis folk budde og levde her, og korleis ting har endra seg til slik Helgøy framstår i dag.

Me har lyst å ta vare på historiane og fortelje dei vidare.


Kanskje er det noko ein kan lære om livet før i tida og verdiar som er bra å ta med vidare?