NÆRING PÅ HELGØY


For næringslivet på øya betyr brua nye moglegheiter på mange område.


Nå pendlar det fleire folk inn til Helgøy for å jobba her, men logistikken er ikkje alltid enkel. Det vil bli meir attraktivt å arbeida på Helgøy, meir tilgjengeleg. Helgøy skyssbåt er i stadig vekst og endring. Slik det ser ut nå, vil det vera behov for meir mannskap i framtida.

Logistikken med frukta vil bli enormt mykje enklare. Dei siste åra har me hatt ei eiga fruktferje som hentar 250 kg kassar i store vogntog ein til to gonger i veka. I fjor leverte me over 200 tonn frukt frå øya og volumet er venta å stiga i takt med at trea veks. Når brua kjem, kan me levera fersk frukt dagleg til pakkeriet i Årdal, i staden for å lagra frukta på garden til ferja som har kome nokre gonger i veka. Frukta vil vera ferskare og friskare ut til forbukaren.

 

I det nye selskapslokalet Epleriet, er me spente på kva moglegheiter brua vil gje oss. Lettare tilgang på arbeidskraft og fleire besøkande er det me ser på som dei største fordelane. Høve for kafédrift med meirsal i gardsbutikken til Epleriet, er noko av det me jobbar med.

 

Helgøyfrukt si bu med mellom anna frukt, eplemost og is ligg gunstig plassert midt i sentrum av Helgøy. Her er også ballbingen plassert og ein leikepark under planlegging. Fleire folk på besøk her vil gje større kundegrunnlag i bua.

 

Næring på Helgøy (godt og vel 20 årsverk på Helgøy. Det er kult når berre 14 vaksne i arbeidsalder bur her)

Helgøy Skyssbåt AS

Helgøyfrukt

Helgøybakkane Fruktgard

Epleriet AS

Fotograf Gøril Gilje Helgøy

Doktor Asprusten

 

EPLERIET

HELGØYBAKKANE

FRUKTGARD

HELGØYFRUKT 

HELGØY

SKYSSBÅT