BRU TIL HELGØY


Folket på Helgøy gler seg til fastlandssamband. Det er mange, mange fordelar.

Alt frå å sleppa å lempa bereposar frå bil til båt til bil og så inn i huset, og til fridomen med å kunna koma og gå når ein vil utan å vera avhengig av båten.



At ei lita øy med 42 innbyggarar får fastlandssamband er ganske unikt. Det er blitt jobba med ei løysing i snart 50 år, og nå skjer det!

Brua er eit resultat av at politikarar, kommune, fylke, grunneigarar og helgøybuen sjølv har gjort ein stor innsats. Me ser all grunn til å feira denne dagen og dele gleda med alle som vil!


Nå skal det seiast at ungane på øya er spente på korleis det blir å ikkje køyra med Helgøybåten kvar dag, og ikkje treffa far, onkel, eller farfar i styrhuset eller i døra. Det har alltid vore eit høgdepunkt i kvardagen for barna. Men, familien får heller sørga for at dei får treffast på andre arenaer framover! Så stor er ikkje Helgøy, til at me ikkje møtest.


Å få bilen heim til Helgøy og kunna vaska den innvendig, er også verkeleg noko å sjå fram til! Å ta ein joggetur på fastlandet utan å frysa i påhengsen på veg heim i mørkna er ei anna glede brua fører med seg.

Å køyra ungar på trening utan tanke på at det skal passa med båten, skal bli bra! Kanskje kan dei delta på fleire aktivitetar heretter?

Å rusla ein kveldstur til Fister, å få ei heilt anna nærheit til naboar på fastlandet, at ungane kan sykla på besøk til klassekameratar på fastlandet, å kunna køyra til Jokeren BERRE for å kjøpa den boksen med fløyte som mangla, er andre lyse glimt heløgybuen ser der framme!

Å treffa folk, kjente og ukjente når dei skal ut og henta posten, blir ei ny oppleving.
Nye leikekameratar til ungane og nye venner til dei vaksne - det skal bli flott!!

For hyttefolk vil brua bety lettare tilkomst til hytta og mindre logistikk og bæring opp den bratte bakken.

Men brua vil også bety at ein kan bruka hytta lengre, når ein blir eldre og det kanskje ikkje er så lett å koma seg med båt og opp bakkane. Herlig å kunna kjøre til døra!

Verdien på hyttene vil også auke, men me håpar jo at hyttefolka held på hyttene sine framover også!

Trur me har verdens beste hyttefolk her på øya, dei er så positive og engasjerte.


Me ønskjer å visa alle samarbeidspartnarar takksemd for innsatsen dei har lagt ned for å få dette til. Greier me å inspirera andre til ikkje å gje opp og jobba vidare med noko dei ønskjer å få til, vil det vera supert!