HELGØYLØPET LAURDAG 18. JUNI 2022


Bli med på årets kjekkaste løpsfest når me inviterer til løp over brua på Helgøy.


Barneløp om lag 300 meter

Start om lag klokka 12:30 (umiddelbart etter bruopning)

Barneløpet går frå Mosnes, over brua og opp til første sving.

Aldersgrense: til og med 13 år- fødd i 2009

Løpet vil kosta 100 kroner per person. Og sjølvsagt blir det premiar til alle som deltar.

Me vil oppmoda flest mogleg å melda seg på via EQ-Timing i forkant. Men, det er også mogleg å melda seg på fysisk ved brua fram til kl. 11:30 same dagen.


Hovudløp Fister - Helgøy om lag 8 km

Start klokka 16.30 frå Fister Idrettsplass.

Løparane følgjer vegen langs Fisterfjorden, over Helgøybrua, gjennom eit par frukthagar på Helgøy før målgang i Helgøy sentrum.

Asfalt mestedelen, før det er grus gjennom frukthagane. Slak frå Fister sentrum, og deretter småkupert før ein tar av og ned mot brua. Litt meir stigning når ein kjem Helgøy og frukthagane.

Aldersgrense: for alle

Pris for å delta i herre- og kvinneklassen er 400 kroner.

Pris for å delta for ungdom 13-16 år er 100 kroner.

Pris for å delta i trimløp (0-99 år) utan tidtaking er 100 kroner.

 

Medalje og eplemost i mål er inkludert, samt logistikk og transport av klede.

(Sjå LOGISTIKK OG TRANSPORT under Program).

Les alt om LOGISTIKK OG TRANSPORT før du tar kontakt for spørsmål.

Me trur du finn svaret der.

Her må alle melda seg på digitalt innan 17. juni.

Startnummer kan hentast frå kl. 15.30 ved Fister Idrettsplass.

 

Premie til tre beste i herre- og i kvinneklassen.

  1. premie: 2500 kroner
  2. premie: 1500 kroner
  3. premie: 1000 kroner


Ved spørsmål, ta kontakt med løpsansvarleg:               

Sveinar Vadla 

Hjelmeland IL 

918 63 176                           

sveinar@sveinarvadla.com