Helgøy blir landfast!

Med Helgøyfest ønskjer me å invitera verda inn til holmen vår, for å bli kjent med oss, og me med dykk.

Me har lyst å laga ei festhelg med noko for alle, og på Helgøy-vis.

Velkomen til ei storstilt, høgtidleg og jordnær bruopning 18. juni.

Og hjarteleg velkomen til folkefest på Helgøy både 18. og 19. juni, som skal vera prega av gjestfridom, humor, god stemning og mange glade ansikt.


Me har lyst å ta vare på historiane og fortelje dei vidare. Kanskje er det noko ein kan lære om livet før i tida og verdiar som er bra å ta med vidare.